Paraskevi Tsiamita
Paraskevi Tsiamita | |
Fødenamn | Παρασκευή Τσιαμίτα |
Statsborgarskap | Hellas |
Fødd | 10. mars 1972 (52 år) Vólos |
Idrett | friidrett |
Paraskevi Tsiamita (fødd 10. mars 1972) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Volos som vart verdsmeister i tresteghopp i 1999.
Tsiamita deltok ikkje i internasjonale meisterskap før 1998. Under europameisterskapen i Budapest forbetra ho i kvalifiseringa den personlege rekorden kraftig til 14,23 m, i finalen nådde ho 13,90 m og vart nummer ni. Sommaren 1999 var Tsiamita i sitt livs form. Den 1. august landa ho på 6,93 m i ei lengdehopptevling i greske Pátra, hennar livs lengste hopp. I tresteg-kvalifiseringa under friidretts-VM 1999 i Sevilla tre veker seinare smelte Tsiamita til med eit hopp på 15,07 m. Like langt kom ho ikkje i VM-finalen, men eit bestehopp på 14,88 gav henne gullmedaljen i øvinga. Sidan var ho plaga med skadar og gav opp idretten i 2004.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1998 i Budapest: Nr 9 i tresteghopp – 13,90 m
- VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje i tresteghopp – 14,88 m, framom Yamilé Aldama (14,61 m)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paraskevi Tsiamita» frå Wikipedia på tysk, den 28. mai 2018.